Gildehallen - et rom full av historie
Gudrun og Asle Hesla har først og fremst samla bruksting frå gammal tid, men her er og mykje som trygt kan kallast for prydgjenstandar. Ved inngangen til Gildehallen er det bygd opp ein liten landhandel. Her er det gamle vekter med lodd, klesruller, vaskebrett, saftflasker, honningspann, kakeboksar, protokollar, kaffikverner, parafinlamper og pumper, gamle kassa-apparat, gamle telefonar, mjølkespann. Ein stor gammal vedkomfyr og eit heimebrenningsapparat har og plass her som ein ekstra spiss på samlinga.Inne i den store hallen dominerer eit stort langbord pynta med ulike typar parafinlampar, kanner og tiner. Forøvrig er her eit rikt utval av kister, kjerald, symaskiner, tutegrammofonar, hardingfeler, mangletre, seletøy, smørbuttar, løkhyller, framskåp, ølbollar, tutekanner, smørkinner, rokkar, kjelar i alle fasongar, sablar og sverd, verktøy, skinnpelsar, åkle, teppe, linhekle, kråskåp, kubbestolar, vaffeljern, mann- og kvinnesalar, kjevle, kaffirikter, musefeller, geitespann, buttar, nisteskrin, sendingskorger og ferdaskrin, berre for å nemne noko.
I eit hjørne står ei dør frå 1717 med eit måleri som framstiller Kristus. Og ei anna dør vart henta frå Øvre-Ål og er truleg frå den gamle stavkyrkja i Ål.
Når du går over dørstokken i Gildehallen i kjellaren på Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet, er det som å gå inn døra til ei anna tid. Denne hallen rommar ei av dei største private samlingane av såkalla bondeantikvitetar i Norden. Truleg den aller største.


Spennende omvisning med levende historie

Mimring om gamle dager - eller nye oppdagelser?






